Velkommen til oss. 

Endra 23.09.07 

Dette er ei heimeside for Sten, Sissel, Malena, Emilie og Maya. Her vil me prøve å få lagt ut bilete, filmsnuttar og litt om oss sånn generelt sett. Det vil bli veldig sporadisk oppdatering, så du får berre kikke innom med jamne mellomrom.

Dersom det er noko du lurer på eller som er uklart så kan du ta kontakt med oss på web@isdal.com. Kan ikkje garantere svar med ein gong, men det kjem etterkvart.

 

Siste nytt

Då har det vore vår og sommar, og me har starta på hausten. Fekk nokre fine dagar på stranda i starten på sommaren, men etter det var det slutt. Var ein tur til Jostedalen men det vart ikkje noko tur til Vassdalen i sommar. Til det var det for dårleg ver og for lite tid. Me får sjå til neste år, då reknar me med at alle skal klare å gå opp på eigen hand. Hadde ei helg i Kinsarvik og var på Mikkelparken, det regna då og, men det var masse å finne på sjølv om det regna. Malena lurte på når Mikke Mus kom, ho fekk ikkje med seg at det var Mikkelparken og ikkje Mikkeparken. Begge jentene går no full tid i barnehagen, og stortrivast.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

E-post lesar : https://webmail.domeneshop.no/