Her nokre bilete frå då eg mista bakhjulet på Isuzuen. Det skjedde på veg til Sogn for å vera med syskenbarntreffet på Fivla. Me held på å legge om vegen på Isdal samstundes så Sissel og ungane reiste tidligare på dagen, sjølv kom eg meg ikkje i vegen før åtte på kvelden. Alt gjekk heilt til eg eg kom til eg hadde passert Sogndal, då kom det nokre rare lydar, så eg fant det best å ta det litt med ro. I svingane opp til Hafslo girte eg ned og når eg slapp ut clutchen berre ruste eg motoren. Fyrste tanken min var at clutchen hadde røket. Når eg kikka i spegelen seg eg at det er gnistrar bak bilen og bakhjulet er på veg til å passere meg, men spinnakselen på. Lite anna å gjere enn å stoppe for å ringe NAF. Dei kom og henta meg, men det var verre å skaffe transport til meg sjølv. Heldigvis kom Leiv og Bjørn og henta meg. Dette skjedde jo rundt 01 på natta så det var ikkje så mange som var vakne. Var i Fossøyane rundt 03 fekk meg nokre timar søvn før eg måtte begynne å ringe for å ordne opp i ting. Skulle tilbake til Stord på sundagen for å vere med på å avslutte vegen før eg reiste på jobb. Det var fint lite hjelp å få rundt omkring, men heldigvis så fekk eg låne Mazdaen til Kirsten og Oddvin.

Det som var med dette er at 4 månadar før dette skjedde hadde eg hatt bilen inne på verkstad for å bytte hullageret på det hjulet som no datt av. Har høyrt ulydar av og til, men ikkje klart å lokalisera dei. Hadde bilen inne på verkstad tysdagen før dette skjedde, men då kunne dei ikkje så at det var nokon gale. Dei skrudde ikkje frå kvarande, berre gjekk over bilen for å sjå om dei kunne finne ut kvar ulyden kom frå. Etter at hjulet så er det kome fram ein teori om at når ulyden har vært der har akslingen vært på veg ut, for så å sette seg att. Då har det ikkje vært mogleg å finna feilen. Så langt ser det ut som verkstaden tar på seg all skuld for det som skjedde, og bilen vert no reparert for dei mekaniske skaden hjå Ani bil på Kaupanger, så får eg ta ein prat med verkstaden om karroseriskadane. 

 

                                                       

Svingen der det skjedde         Her manglar det eit hjul          Det som var att på bilen          Dekket med felg og aksling    Skadar på karroseriet.
Eg kom motsett veg.
Ser framleis olja i vegen