Så er dagen endeleg her. Mazdaen blir skrota. Trudde ikkje det skulle skje, men slik kan det gå. Vart påkøyrt av møtande bil. Det er det eg seier, motparten seier det motsette. Uansett kven som endar opp med skulda er Mazdaen ferdig. Litt for mykje skader på karosseri + at det er noko som ikkje er heilt slik som det skal være med styringa. Det kan fort bli veldig dyrt å sette den i stand. Når det i tillegg er ein dyr del som må bytast på eksosanlegget og eindel rust må sveisast så er det ikkje anna å gjere. Har begynt å kikka etter erstatning, men det blir ikkje enkelt. Ynskjer ein pick-up med firehjulstrekk og minst 4 sitteplassar. Ikkje enkelt å få til, når ein samtidig ikkje skal betale mykje og bilen skal være strøken.
Malena var med når det skjedd. Så no går det i : Pappa øydelagt, Pappa krasja, pappa PANG. Elles så ser det ikkje ut som ho har tatt skade av det som skjedde. Einaste er at ho saknar Mazdaen ho og. Fekk sitte framme og hadde god oversikt over alt som skjedde mens me køyrde. Det var ganske så stort.
Mazdaen kjøpte eg i 1992, den var då 4 år og hadde gått knappe 40 000 km. No har me hatt den i nesten 13 år og køyrt over 170 000 km med den. Blir litt rart og ikkje ha den lenger.
Her kjem bileta av skadane og vegen der det skjedde.
Her er skaden på Mazdaen. Ser ikkje gale ut, men som ein ser så er heile døra skeiv. Stikk ut i overkant. I tillegg så er det noko mekanisk som er gale.
Eg kom denne vegen Ho kom denne vegen. Endo eit bilte av hennar veg Denne lastebilen kom tilfeldigvis forbi
Skaden på Passaten. Felgen vart øydelagt på den og.